Bergset - Bergsetbreen
Utgangspunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Bergset, den fremste garden i Krundalen. Frå parkeringsplassen går ein langs elva, vidare eit kort stykke på traktorveg og deretter langs svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen. Til å byrje med går stien i nokså tett skog, seinare opnar utsynet seg meir og meir mot den dominerande Bergsetbreen, fremst i dalen. Stien kryssar fleire småelvar og bekker, som oftast på gode bruer, og går av og til i blautmyrar der trestokkar er utlagde. Vegetasjonen er frodig til å byrje med, men dess nærare ein kjem breen, dess mindre vert det av skog og planter. Heilt fremst går stien i grus og stein, men er likevel godt synleg og lett å finne. I sommarhalvåret er det oppsett varselskilt eit stykke frå foten av Bergsetbreen, og det er forbunde med stor fare å passere skilta. Ved Bergsetbreen er det særleg Baklibreen, på nordsida av hovuddalføret, ein må vere merksam på. Ettersom Jostedalsbreen no er inne i ein vekstperiode, veks også brearmane, og gjer rasfaren ekstra stor.
Gangtid frå parkeringsplassen til foten av Bergsetbreen er 1 time, og turen høver særleg godt for familiar med små ungar. Høgdeskilnaden mellom Bergset og foten av Bergsetbreen er under 50 meter, så dette må ein kunne kalle flatt terreng.






